Folgefonna Nasjonalpark

Folgefonna Nasjonalpark vart oppretta i 2005 og er kjent for sin dramatiske og vakre natur. Med fjordar, fjell, elver, vatn og brefall er Folgefonnhalvøya mellom dei aller viktigaste reisemåla i Norge.

Folgefonna Nasjonalpark
Foto: Anbjørn Høivik

Fakta om Folgefonna
Folgefonna er Noregs 3. største bre. Breen har eit samla areal på 213,62 km2. Breområdet er tredelt med Nordre Folgefonna (25,41 km2), Midtre Folgefonna (8,93 km2) og Søndre Folgefonna (179,28 km2) (Østrem et al. 1988). Folgefonna Sommarskisenter ligg på Nordre Folgefonna. Folgefonna er ein platåbre, det vil seia at den ligg på eit høgfjellsplatå med utlauparar ned i dalane kring. Dei mest kjende utløparane av Folgefonna er Bondhusbreen, Buerbreen og Blomsterskardsbreen. Dei tre platåbreane dekker høgfjellsområde mellom Sørfjorden, Åkrafjorden og Hardangerfjorden. Høgaste punkt er 1662 m o.h. og lågaste er 400 m o.h. Istjukkelsen er så langt som den er kjent i gjennomsnitt omlag 155 meter (Tvede 1997). Ved Bondhusbreen er isen målt til å vera 160 meter. Ved Blåbreen er isen opp i 300 meter tjukk. Truleg er isen opp til 500 meter tjukk på toppen av Nordre og Søndre Folgefonna. Dette er ikkje målt men rekna ut frå topografien kring breen. Folgefonna si kystnære plassering gjer at den vert kalla ein maritim bre. Det er dette som er utgangspunktet for at Folgefonna vert kalla ein "glasiologisk avvikar". (Folgefonni Breførarlag)



Sist oppdatert   05.02.2010  
RELATERTE PRODUKTER

Folgefonni Breførarlag

Kvinnherad

Folgefonni Breførarlag

Folgefonni Breførarlag AS driv, som namnet seier, breføring på Folgefonna, den tredje største breen i Noreg. I tillegg kan me tilby eit vidt spekter av utendørsaktivitetar, som til dømes klatring, kajakk padling, sykkel turar og segling. Folgefonni...

Copyright © Anbjørn Høivik

Kvinnherad

Folgefonna Nasjonalparksenter

Her kan du bli betre kjent med Folgefonna og området rundt isbrea. På nasjonalparksenteret kan du sjå fleire presentasjonar med ulike tema frå heile nasjonalparken. Få med deg biletspelet "DRAMA I BERG" som viser korleis Folgefonnhalvøya vart til. ...


Bondhusbrea

Kvinnherad

Fottur med guide i Bondhusdalen

Frå fjord til fonn -Bondhusdalen Bondhusdalen er kanskje den flottaste dalen på Folgefonnhalvøya. Turen går frå kaien i Sundal oppetter Isvegen, til Bondhusvatnet, der ein ser Bondhusbreen. Isvegen er ein historisk veg som vart nytta til eksport av is...


Samarbeidsrådet for Sunnhordland IKS, Boks 444, 5403 Stord tlf. 53 45 67 90, info@visitsunnhordland.no