I galleriet er der varierte kunstutstillingar med høg kvalitet.
Ny utstilling vert opna første søndag i kvar månad frå mars til november. I galleributikken tilbyr vi bruks-og biletkunst. Her kan du kjøpa kvalitetsprodukt til deg sjølv eller som gåver. Vel ute på fyret, kan du i tillegg til kunst og utsikt nyte kaffi, nysteikte vaflar og/eller Ryvardens heimelaga fiskesuppe i kaféen som er i same lokala som galleriet. Desse lokala vert og leigd ut til små og store selskap, møter, kurs- og konferanse.