Skriv utSkriv ut

Tursti til Skeisfjell


Fasiliteter

Gradering

Fargegradert turmerking, Krevende


Natur og terreng

Fjell, Liten sti


Varighet

5 timer


Kontakt


Beskrivelse
Stad
Rosendal.

Turkart
Folgefonna nasjonalpark.
Rosendal Turgruppe sitt rutekart.

Start- og sluttpunkt
Fossberg, ved inngangen til Hattebergsdalen.

Parkering
Kjør forbi Baroniet til P-plass på Fossberg ved inngangen til Hattebergsdalen.

Merking
Informasjonstavle ved P-plassen.
Først på 2 km grusveg utan merking, deretter T-merka og skilta sti opp Murabotnen.

Gradering
Raud. Middels krevjande, tre støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad
150 – 1038 moh.

Tidsbruk
5 timar t/r.

Gode råd
Ved stor vassføring kan bekken i Murabotnen vera vanskeleg å passera. Noko bratt ovanfor bekken. Alternativ retur kan vera stien om Malmangernuten og direkte ned til Rosendal,
sjå rutene Malmangernuten frå Hattebergsdalen og Malmangernuten frå Rosendal.

Turomtale
Frå P-plassen på Fossberg 2 km langs grusvegen til dalbotnen. Stien går opp Murabotnen og til venstre i stidele med Malmangernuten.

Etter dei gamle murane på Kuhammarstølen kjem ein etter kvart til skilt som viser til utsiktspunkt mot Bjørndalsområdet og kjeldene for Hattebergvassdraget. Dette er sentrale område i Folgefonna Nasjonalpark.

Flott utsyn frå varden på Skeisfjell, der Ulvanosa, Blådalshorga og Bjørndalstindane framhevar seg i ein mektig fjellheim.



NY Sunnhordland_logoalt2_RGB