Online booking?

INVITASJON TIL KURS I ONLINE BOOKING
23.november 2011 - VIKTIG!
VisitSunnhordland skal i haust lansere ei oppdatering av bookingløysinga på våre sider www.visitsunnhordland.no Dette vil vera eit løft for reiselivsnæringa i heile regionen og for destinasjonen på nett. Samarbeidsrådet for Sunnhordland inviterer derfor aktuelle verksemder til informasjonsmøte og kurs i online booking.

Online booking?

Informasjonsmøte/Kurs i online booking:
Dato: 23. november 2011
Tid: 09.00 – 15.00
Stad: Samarbeidsrådet sine lokale i Borggata 57 på Leirvik

Regional og nasjonal distribusjon.
Vi skal bli ein del av ei nasjonal bookingløysing - BookNorway, noko som vil medføre at di bedrift vil få ei solid marknadsføring og distribusjon. Dette gjeld på nettsider som i dag har god synlighet nasjonalt og internasjonalt som www.visitsunnhordland.no  , www.visitnorway.com  og www.fjordnorway.no  i tillegg til dei nettsidene vi i dag har distribusjonsavtale med.

VisitSunnhordland (Samarbeidsrådet for Sunnhordland) tek deler av kostnadane for systemet, derfor vert prisen for kvar enkelt veldig lav.

Korleis vert ein presentert i bookingsystemet?
Alle produkt vert omfattende presentert med både tekst og bilete; Generell informasjon, Fasilitetsoversikt, Rom- /Enhetstypar/Aktivitetar, Beliggenhet og Kart, Bildebibliotek. I tillegg kjem sjølvsagt all relevant informasjon i samband med booking - som prisar og moglege tillegg.

Booking for alle!
1. Har du ikkje eit bookingsystem fra før, vil du her få eit fullverdig system som er enkelt å halde oversikt over, og som du i tillegg vil kunne bruke på di eiga webside.

Systemet har mange nøgde kundar i Norge som aldri før hadde brukt et bookingsystem: Me har stolt 100% på systemet i sommar og er veldig fornøgde! Epost bekreftelsar har fungert bra. Booking ut på nett har fungert og booking i administrasjonsvinduet har fungert bra. Me har ikkje hatt ein einaste ”no show” i sommar og grunnen til det er heilt klart bookingsystemet. Hardangertun hytter og familiepark

2. Har du allereie et system, kan vi sjå om det er mogleg å integrere med ditt interne system for å hente ut kapasitet. (Brukar du Visbook eller Hotelzon kan du integrerast med det same) På kurset/møtet vil du få ein presentasjon av online løysinga, samt full gjennomgang av etablering og drift av booking .

For påmelding, vennligst send ein mail til linn@visitsunnhordland.no  eller
telefon 53 45 67 94 innen 14. november 2011 med følgjande alternative svar:
o Ja, eg kjem på møtet
o Nei, eg kan dessverre ikkje komme – men hald meg orientert eller ta kontakt for annan dato
HUGS: Oppgje navn på bedrift og på den/dei som kjem.
Har du spørsmål, kan du kontakte Karen Løvfall Våge på telefon 488 95 972

Vennleg helsing Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Linn Therese Vinje

Sist oppdatert   06.09.2011  

Kontaktinformation

Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Postboks 444
N-5403 STORD
Tlf.: +47 53 45 67 90

E-post: info@visitsunnhordland.no
www.visitsunnhordland.no

Info om cookies

 


 

NY Sunnhordland_logoalt2_RGB