Tips for sykkelturen!

Ein sykkeltur i Sunnhordland er ei fantastisk oppleving. Me gir deg tips som sikrar at turen vert optimal om du reiser aleine eller med familien.

Tips for sykkelturen!

Sjansen for ein vellukka sykkelferie vert større, jo meir du førebur den. Kor langt ein ønskjer å sykle pr. dag er avhengig av kor mykje tid ein vil nytta på sykkelen og kor mykje tid ein vil nytta på andre opplevingar. Som ein generelt utgangspunkt kan fylgjande anbefalast:
15 – 30 km: Familier med born 7 – 9 år
25 – 50 km: Familier med born over 10 år
30 – 60 km: Vaksne, normal fysisk form
60 – 120 km: Vaksne, god fysisk form

Pakketips:
-    Vurder nøye kva du tek med deg. To bakre sykkelvesker er å anbefala. I tillegg kan du ha sykkelvesker foran. Hugs lavt tyngdepunkt når du pakkar. Pakk i plastposar om du er usikker på om sykkelveskene er tette.
-    I bagasjen bør du ha eit par ekstra sko, samt ein ullgenser for kjølige kvelder. Om du skal bu på hotell – hugs klede for kvelden.
-    Ta med enkle medisinsaker som plaster, pyrisept osb. Ikkje glem solkrem og solbriller.
-    Lappesakar, pumpe og verkty som kan nyttast på sykkelen bør vera med.
-    Ta med rutetabellar frå trafikkeselskapa

Rutetabellane kan lastast ned frå nett
www.tide.no www.fjord1.no www.skyss.no
-    Kilometerteljar er kjekt å ha på styret, då det kan vera langt mellom avstandsskilta.
-    Ta med sykkellykt og refleksvest om du veit du skal sykle i tunnelar og sjølvsagt til bruk når det er mørkt!

Hugs at jo meir du tek med deg, jo tyngre vert det å sykle!

Sist oppdatert   29.01.2014  
NY Sunnhordland_logoalt2_RGB