Før og No Festival

Set av dagane 25.-28.juni 2009, då vert det nostalgiske maritime dagar på Leirvik.
Her kan du reise med "gamle dampen", få omvising i gamle ferjer eller ta deg ein tur på Stord Maritime Museum. Desse dagane kan du oppleve Sunnhordland gjennom ferjeturar med dei gamle båtane til ein av dei gamle ferjestadane. Før og no festivalen har eit mangfaldig og spennande program. Sentralt i programmet vert det at D/S Stord I, M/S Granvin og M/F Skånevik kjem til Leirvik denne helga.

Stord Maritime Museum vil opna ei eiga utstilling som fortel historia til HSD. Festivalen er eit arrangement for heile familien og Sentrumsforeininga står for liv og røre og underhaldning i gatene. Dette skal vera eit familiearrangement. Vilvite- senteret frå Bergen kjem på besøk til Leirvik for fyrste gong. Her vil det bli teknologiske aktivitetar spesielt retta mot den yngre generasjon, men kanskje også tante og bestefar tek fram dei forskarspira i seg.

Harald Kvinge, primus motor og initiativ takar til festivalen, har mange på gjestelista si. Gutta frå Smedaholmen kjem med Seladon. Seglbåtane Rind og Vårsol vil vitja festivalen. Kystlaga frå distriktet stiller også mannsterke. Her er det mobilisert frå heile Sunnhordlandsregionen. Tysnes kystlag med robåtar av forskjellige slag, Sveio Kystlag kjem med ei skøyte, Kvinnherad Kystlag med gavlabåtar og kystlaga både frå Sagvåg, Bømlo og Austevoll vert også med. Oma- snekkene skal bli synt heider og verdigheit. Dei skal gå i rutetrafikk mellom nattrutekaien og Stord- døra. Vert det fint ver kan det vera at ein kan køyre veteranbuss tilbake frå Stord-døra.

Søndag er det den store turdagen. Her kan ein reisa med ein av dei gamle veteranbåtane til enten Fjellberg Prestegard, Halsnøy Kloster eller Moster Amfi. Alle stadane får du omvising og noko å bita i. Ikkje berre nostalgiske båtar står på programmet. Kampanjen "Klar for sjøen" står også på programmet. Her vil kommunen og lensmannskontoret i samarbeid med Redningsskøyta og Kystvakta på det sterkaste oppmode til edruleghet på sjøen og med seg har dei den nye politibåten frå Bergen som går 70 knop.
Sist oppdatert   11.05.2009  
NY Sunnhordland_logoalt2_RGB